Tortur blir rekna som eitt av dei verste traumene eit menneske kan oppleve. Likevel veit vi altfor lite om tortur og kva det kan gjere med eit menneske.


– Vi veit at ein del av flyktningane som kjem til Noreg har vore utsette eller vitne til tortur i heimlandet eller under flukt, seier Valeria Markova, psykologspesialist ved RVTS Vest og Senter for migrasjonshelse. - Kunnskap om tortur er difor viktig for alle som møter flyktningar eller asylsøkarar.
Webinarserie om tortur
Ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging (RVTS) samarbeider om ein webinarserie om tortur i 2026. Webinara er gratis og opne for alle som jobbar direkte eller indirekte med personar som har overlevd tortur. Du kan melde deg på alle webinara, eller det som passar best for deg og ditt arbeid.
– Denne serien gir ei unik moglegheit til å få brei og oppdatert kunnskap om tortur og korleis vi som fagpersonar kan møte menneske som har opplevd dette, fortel Valeria.
– Vi startar med det grunnleggande: kva tortur er, og kva vi må vite for å gi god hjelp. Deretter ser vi på korleis Utlendingsdirektoratet (UDI) jobbar med torturutsette i asylprosessen, og korleis dokumentasjon av torturskadar blir handtert.
Kunnskap om tortur er viktig for alle som møter flyktningar eller asylsøkarar.
– Vi har lagt vekt på at webinara skal vere nyttige for alle som møter flyktningar eller asylsøkarar – anten du jobbar i helsevesenet, i mottak, i NAV eller i frivillige organisasjonar, seier Valeria.
– Det tredje webinaret handlar om behandlingsprosjekt for torturoverlevarar, med fokus på fysioterapi og narrativ eksponeringsterapi. Dette er viktig fordi mange treng langvarig og samansett oppfølging.
- På det siste webinaret skal vi snakke om «hjelp til hjelparen». Når vi jobbar med menneske som har opplevd traume, påverkar det oss. Vi skal sjå på korleis vi kan ta vare på oss sjølve og kvarandre, slik at vi kan stå i dette viktige arbeidet over tid, fortel Valeria.
Kvifor bør folk melde seg på?
– Fordi kunnskap gir tryggleik. Når vi forstår kva tortur er, korleis det påverkar menneske, og korleis vi kan hjelpe – først då gjer vi ein forskjell i møte med torturoverlevarar, avsluttar Valeria.